Opplev gardslivet - heilt tett på
Og vakn opp til ei fantastisk utsikt som gjer ro
Det du kan oppleve på Syftestad Gard
Møt gardsdyra
I naturskjønne omgivelsar kan du få nære møte med gardsdyra.
Geitene våre har mykje personlighet og elsker å treffe nye mennesker, hunden Dagny er stjerna på tunet og hønseflokken serverer deg eit egg eller to.
Unik overnatting
På garden tilbyr vi ei unik overnatting i eit lite minhus der du har alt du treng for ein pause frå kvardagen. Det er mulig å lage seg mat, det er eit lite kjøleskap og eit lite bad med enkle fasiliteter. Ta med deg kjæresten, en venn eller et familiemedlem og nyt roen her!
Arrangement
Gjennom året arrangerer vi fleire spennande arrangement for store og små på tunet. Opplev Åpen Gard der du fær møte dyr og kjøpt deg vår populære kanelbolle, eller meld deg på keramikkurs og yogaretreat.
Opplevelser
Her kan du slappe av og kose deg i deilige omgivelser. Nyt naturen med ei bok i den eine handa og eit glas vin i den andre.
Hytteboka
Kven er vi?
Velkommen til oss! Her lever vi, Lise Marit og Martin, eit hektisk og idyllisk liv sammen med alle dyra våre og sønnen vår Sebastian. Syftestad gard ligg i hjertet av Telemark, Tinnegrend utanfor Notodden. Her finn vi lykke og ro med utsikt over vakre Heddalsvatnet og omringa av dei flotte Telemarksfjella.
Vi driv det vi kallar moderne gardsturisme. Her på Syftestad Gard kan du komme tett på dyr, få nære opplevelsar i flotte omgivelser, her kan du hygge deg med ein kopp kaffe og ein av Lises populære “bøllar”, og du kan våkne opp til den finaste utsikta.
Vi interesserer oss for gjenbruk, kreative diy-prosjekter, for å dyrke egen mat, og ikkje minst, det å inspirere andre gjennom sosiale medier.
Følg oss på Instagram for innblikk i kvardagen
Kontakt oss
Ikkje nøl med å ta kontakt!
Har du spørsmål om samarbeid, overnatting, utleige av låven eller ønsker om eventer for deg og ei gruppe? Vi vil gjerne høyre frå deg.
Fyll ut skjemaet så tar vi kontakt med deg snarest. Vi snakkas!